Siste del av April byr statistisk på veldig fine kursforhold, og
sidan det i år også klaffar med sein påske, prøver HPGK å
gjennomføre nybyrjarkurs i intensivform i veke 16 (16-23 April).
Samstundes vil helga etter (30 April til 01 Mai) fungere som
reservehelg i tilfelle mykje dårleg vær. Denne helga er og tenkt
som ei avslutting av kurset, då det samstundes blir arrangert
lokalt treff
i Dimmelsvik, som vil være ein fin måte å bli integrert i
miljøet.
Kva kjerneområde kurset vil halde til i blir fastsett med
utgangspunkt i kvar elevane er busett, samt vær og vindvarsel for
den aktuelle veka. Men i hovudsak vil desse stadene bli mest
nytta:
Øystese
Rosendal
Lofthus
Kurspris er sett til kr 7500,- og inkluderar:
- Instrukjon
- Lærebøker
- Utstyr under kurs, samt ein månad gratis leige etter
kurs.
- Forsikring under kurs og eit år etter fullført
kurs.
- Medlemskap i Norges Luftsportsforbund (HG/PG), samt
medlemskap i Hardanger Paragliderklubb.
For ungdom i alderen 15-25 år vil Hardanger
Paragliderklubb subsidiere kr 1000,- ved fullført kurs. Kursprisen
blir såleis kr 6500,-!!!
Meir informasjon og interesse/kontaktskjema finn du her.