Aktivitetsplan for komande sesong

Som eit ledd i å tilrettelegge for auka aktivitet i HPGK har styret vedteke nokre treff og samlingar som skal bli forsøkt gjennomført i sesongen 2011.

Det er ei kjent sak at mange av medlemmene i HPGK har familie, og mange hensyn må takast. Å kunne planlegge langt fram i tid er ofte nødvendig for å kunne delta på dei arrangementa ein ynskjer. Styret vil jobbe med å tilrettelegge for dette, og kome tidleg på banen med nok informasjon til at dette er mogeleg. Derfor kjem ein generell agneda for sesongen 2011 allereie no

06 Februar vert det helde årsmøte på Hardangerfjord Hotell i Øystese.

Deretter blir det sesongstart med treff i Dimmelsvik 29-31 April. Det er ikkje hundre prosent sikkert at det blir denne helga, men pga sein påske er det mest truleg. Datoen vert endeleg når KKPG sin konkurransekalendar er publisert. Me ynskjer ikkje at dette skal kollidere.

Vidare blir det igjen forsøkt samarbeid med ungdomsfestivalen i Odda (UFO) der me igjen prøver treff med helikopterløft til Freimstølen. Dato for dette er satt til 17-18de Juni. Truleg vil HPGK være innvolvert under opninga av arrangementet på ettermiddagen Fredag 17de.

Siste helga i Juli (29-31 ?) byr som vanleg på morellfestivalen på Lofthus. Her har det vore uformelt treff dei seinare åra utan god nok informasjon til alle medlemmer. I år skal klubben involvere seg meir mtp informasjon og tilrettelegge mtp transport og evt overnatting.

August kan by på flotte flygeopplevelsar i Røldal og det vil bli forsøkt eit treff her rett etter at skulen har byrja. (27-28 aug?). Her vil det kanskje bli mogeleg med kombinert opptrekk/SIV kurs på Røldalsvatnet.



Følg ellers med på "aktivitar" sidene, då alle desse arrangementa vil bli beskrive i detalj når all informasjon er tilgjengeleg.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb