Adkomst
Frå Øystese sentrum køyrer ein til Mo. På Mo vil ein vidare
finne skilting til Kjosås, og fortsett denne vegen til ein får
vindpølse/streamer på høgre side. Dette er starten. Parker slik at
det ikkje er problem for bilar å passere fritt.
Køyrebeskrivelse
frå Øysese sentrum til start.
Flyging
Starten er søraustvendt, men er hovedvinden svak vil
solgangsbrisen ofte dreie inn og stå rett på start. Fine
hangforhold om sommaren. Best termikk i mars-mai.
Fordi start og landing er på innmark gjeld spesielle reglar her.
Pilotar som vil fly her må betale ei avgift på 20 kroner per
flytur. Kasse er satt opp på start. Ein startar kun framfor låven
og hønsegarden.
Det finnast og ein øvre start på Kjosås. For å kome hit lyt ein
køyre vidare på vegen, gjennom eit privat tun. Vegen går over til å
bli privat og det må visast hensyn både med hensyn til antal bilar
som ferdast her, men også evt parkering.
NB Det er ikkje lov å starte rett framom bustadhuset (nedre
start). Unngå støy og ergrelser for dei som bur her. Kurs og treff
må avtales på forhånd. Merk og at ein ved start på nedre start bør
være i lufta før vegen, då denne skaper avlastning i
startbanen.