Ivar Sandstå godkjent som deltakar til X-apls

Blandt mange søkarar er Ivar ein av 30 deltakarar som skal prøve seg gjennom Alpane neste sommar.

Red Bull X Alps er ein konkurranse som dreier seg om å krysse ei rute gjennom alpane kun ved bruk av løpskraft og paraglider. Årets løp startar i Salzburg i Austerrike og sluttar, som alltid, i Monaco. På vegen skal deltakarane innom åtte vendepunkter som er lagt strategisk gjennom fjella. Mellom anna skal deltakarane innom Austerrike, Sveits, Frankrike og Italia på vegen. Totalt 864 km!

Konkurransereglane kan forenklast til at fyrste mann i mål vinn. Han kan velge å gå, springe, eller fly det han orkar dag og natt. Han må sjølv bære med seg paraglidaren, men kan få hjelp med forsyningar som mat,klede og telt. Kun ein person har lov å hjelpe med å få desse forsyningane fram. Nikolas van Etten skal stå for denne bistanden til Ivar, og såleis vil HPGK være representert med to personar i neste års Red Bull X-Alps.

Det var sterk konkurranse om å få ein plass i løpet, og det ryktast at over 400 deltakarar hadde søkt om plass. Alle deltakarar vert nøye vurdert, og det er strenge krav til fysisk og mental helse. Ivar sine meritter som maratonløpar, og triatlon deltakar hadde truleg mykje å seie for at han vart utvalgt. I tillegg til dette var Ivar i Sveits i sommar for å fremme sin eigen søknad, noko som tydelegvis har gått bra. Ivar er med dette fyrste nordmann som deltek i X-Alps!


X-Alps 2011 byrjar 17 Juli, og varer til 48t etter at fyrstemann er i mål. Ein kan lese meir om konkurransen her.


HPGK ynskjer Ivar og Nikolas lukke til med forberedelsane, og vil kome med meir nyhende kring Ivars deltaking etter kvart som konkurransen nærmar seg og pågår.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb