Form could not be loaded, form is either missing or damaged
Trykk over for å vise skjema.
Det blir oppmøte på Statoil i
Dimmelsvik kl 10:00 Laurdag 30de. Derifrå blir det organsiert
transport opp til Kvitegga etterkvart som folk møter opp, og det
er flygbare forhold. Det vil koste kr 50,- pr pers pr tur for
transport.
Vidare vil det bli mogelegheter for å lage lokal(e) XC
oppgåve(r) både Laurdag og Sundag. Dei pilotane som er best kjent i
området vil være med å lage ei passeleg oppgåve når ein ser kva
forhold dagen byr på. Oppmodar alle som har GPS om å ha denne med
og prøve seg på evt oppgåve som blir satt. Oppmodar også alle som
har radio om å ha denne med (opplada/med batteri). Me vil bruke NAK
frekvens 154.175Mhz.
Laurdag kveld blir det grilling og fest på Dønhaug Gjestegard. Dette blir eit lukka
selskap,der me leiger pub-lokalene, men kranane vil være stengt.
Det betyr at du sjølv tek med det du ynskjer å ete og drikke utover
kvelden. Det er stort kjøleskap tilgjengeleg. Det er og store
gassgrillar på plassen.
HPGK har leigd sjølve publokalet med tilhøyrande bustadhus, samt
2 store campinghytter på Rabben camping. Fordeling av rom vil bli gjort
etterkvart. Hugs å ta med sengety!
Alle sengeplasser som HPGK har reservert i Dimmelsvik er no
fyllt opp. Om du likevel ynskjer overnatting så fyll inn skjemaet
over, så ser me på løysingar for å få det til.