Paragliderkurs

Hardanger Paragliderklubb (HPGK) arrangerer kurs med utganspunkt enten i området kring Kinsarvik/Lofthus/Odda, Kvinnherad eller i Øystese/Nordheimsund.

Kontaktskjema

Kontaktskjema





Trykk over for å vise skjema.

Flyging med paraglider er ein fantastisk naturoppleving i tillegg til å være kategorisert som ein ekstremsport. Ein paraglider er eit vingeprofil som fyllast med luft under flyging. Ein henger under sjølve vinga i seletøy, som eit sit behageleg i.

For å oppnå eit paraglider-sertifikat er det krav til teoretisk undervisning i fag som aerodynamikk, meteorologi, materiall kjennskap, praktisk flyging, og fyrstehjelp. Undervisninga avsluttast med eksamen i kvart emne der det er krav til 70% korrekt besvarelse.

Den praktiske delen av kurset byrjar heilt i det små med å bli kjent med ein Paraglidar, og klare å handtere den på bakken. Etterkvart som kunnskapen og kontrollen aukar vil ein bevege seg gradvis oppover ein egna bakke der ein i hovudsak lærer å starte og lande sjølve paraglidaren. Denne delen av den praktiske treningen endar med at ein startar, flyg eit halvt minutt, og landar igjen. Dette er kalla bakkegliding og det er minimunskrav til 20 godkjente turar.

Etter at bakkgliding er fullført, og instruktøren er nøygd med handteringa så er det klart for høgdegliding. Her vil eleven starte på ein plass og lande på ein ny plass,med minimum høgdeforskjell på 250m. Før ein startar og flyg på eigehand vil ein, saman med instruktør, legge ein flygeplan med klare retningslinjer for flygemønster for heile turen. Etterkvart som eleven får meir erfaring vil denne flygeplanen innehalde fleire element og øvelsar. Når eleven har gjennomført minimum 10 høgdeglidingar,samt gjennomført obligatoriske øvelsar er ein kvalifisert til trinn 2 på sertifikatsstigen.

Utdanningssystemet innan paragliding består av trinn 1 til 5. Dette systemet er kalla ParaPro, gjerne forkorta til PP-systemet. Under opplæring er ein på trinn 1. Når ein har fullført nybyrjarkurs er ein kvalifisert til PP2 sertifikat. Etter minimum 60 flygingar og minimum 10 timar flygetid er ein kvalifisert til PP3. Her er det også krav til ny teoriprøve i utvida pensum, samt godkjenning frå instrukrør som skal signere ut sertifikatet. Slik fortsett utdanningssytemet fram til PP5. Det største trinnet er frå trinn 3 til 4, der det også er krav til sikkerhetskurs. Sikkerhetskurs består kort fortalt i å kunne handtere paraglidaren i ekstreme situasjonar. Her må ein gjennomføre og framprovosere situasjonar som kan oppstå under avansert flyging. Slike kurs vil foregå med kyndige instruktørar, og over vatn med redningsbåt. HPGK arrangerer slike kurs ved behov.

 

Hardanger Paragliderklubb tilbyr to ulike variantar av nybyrjarkurs:

 

1. Helgekurs

Undervisninga, både teoretisk og praktisk, foregår i fastlagte helger. og strekker seg gjerne over 5-6 helger på rad. Dette avhenger sjølvsagt av værforhold dei aktuelle datoane.

 

2. Intensivkurs

Intensivkurs foregår typisk over 2 helger med veka i mellom, altså 9 dagar. Denne type kurs er mindre vanleg, då både instruktørar og elevar må ta fri frå skule/arbeid. Er det derimot ei gruppe som ynskjer denne form for kurs så vil HPGK prøve å tilrettelegge for dette.

 

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål eller ynskjer å få meir informasjon om paragliderkurs i regi av HPGK. Bruk kontaktskjema øverst på denne sida.

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb