Dette kartet krever JavaScript for å fungere.

Start

Adkomst

Frå Lofthus sentrum køyrer ein mot Opedal skule. Ved Opedal skule tek ein til høgre opp mot Lofthus/Eidnes. Vidare er det berre å fylgje skilting mot Nosi. Vegen går etterkvart over til grus og seinare skogsveg, som er stengt med bom. Det er mogeleg å parkere ved bommen. Starten kjem til syne midt i vegen ca 600 moh. Klubben har tilgang til nøklar. Ta kontakt med styret for informasjon. Vegen er av variabel standard og 4 WD er nødvendig.

Køyrebeskrivelse frå Lofthus sentrum til bommen.

Flyging

Flott start midt i skogsvegen på Lofthus. Starten er enkel med fin helling. Termikken vil ofte kome opp i renna til venstre for start, og danne eit termisk hang under nasetippen og oppover. Vær observant når vindretning er meldt med nordleg komponent, då starten vil være le-side. I denne le-sida vil termikken regjere og det kan opplevast som sydleg vind. På slike dagar er det lurt å fortsette køyreturen vidare oppover vegen og starte på Nosi.

Byrkjeflot, Lofthus

Byrkjeflot er ein maskin-prepartert start som er godt egna til kurs, men samstudes ein god termikkplass med enkel adkomst.

Retningar
Syd Sydvest Vest Syd
Sydvest
Vest
Høgde over havet
600 m
Høgdebegrensing
2846 m

Sikkerheit

Lisenskrav
Ingen spesielle
Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb