›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Olav K21.04.2011 11:00
    Er ikkje så vanskelig å sette opp ei lita oppgave, Kvitegga, Malmangernuten og Melderskin er jo ei lita melkerute, lett å fly den eine veien, litt meir krevande på retur med evt motvind

    Om du bare klarer turen bort, så sel dei brun, skummande leskedrikke på Gjesten i Rosendal (og det er landing like ved :o)
    Ikkje så ille det heller :o)
  • Gravatar
    Johs21.04.2011 08:33
    Godt å sjå at sesongen er komen godt i gang for enkelte:) Berre litt misunneleg...

    Er det nokon av dykk som er best kjent i Dimmelsvik (Olav,Gunnar, Terje) som kunne tenke seg å lage ei lita T/R eller trekant oppgåve til bruk under treffet?
    Tenker den ikkje skal være så vanskeleg, men fungere som XC trening for dei som ynskjer å prøve seg. Gjerne med ein liten brief om området og "normale " triggerpunkt etc...

    Ellers er det gledeleg å sjå at samtlege medlemmer i HPGK har gyldig lisens også i år:)
  • Gravatar
    oysteindd20.04.2011 23:19
    Hadde ein fin tur frå Lofthus i dag. Starta på Byrkjeflot. Fine bobler som gjekk jamnt opp. Mykje mindre popkorn enn på mandag. Landa på Bu etter 2t i lufta :-D
  • Gravatar
    Olav K20.04.2011 22:55
    Blir kanskje ein liten tur på Kvitegga imåro!?

    Ellers var eg ein snartur til Etne idag, og flaug to småturer fra Støle, 10 og 5 min i
    popcornbobler, var vel ein meter over start på det meste...
    Hadde vore knallbra med ein litt lengre tur imåro ;)

    Kommer tilbake når værvarselet er meir sikkert imorgon tidlig :-)
  • Gravatar
    bjørn ole20.04.2011 17:39
    Eg er i Kvinnherad resten av påsken, og er veldig klar for flyging. Gje ein lyd om det er andre som skal ut og lufte seg!

    Mvh Bjørn Ole
    99735654
  • Gravatar
    Olav K19.04.2011 07:19
    Flyplaner idag.
    Utifra SMHI er det mest mulighet for termikk litt lengre sør...

    Gi ein lyd om det skjer noe....
    95 70 28 60
  • Gravatar
    oysteindd18.04.2011 23:24
    Ivar og eg hadde oss ein tur til Loftus i dag. Var snø og is i nesten heile vegen opp. Starta på Byrkjeflot og landa i Kinsavik etter 2t 30min. Mykje popkorn i lia over Lofthus :-)
    Toppa på ca. 1100m.
  • Gravatar
    Olav K18.04.2011 20:07
    Rakk ein forlega sklias på Kvitegga i kveldingen, var tidligere ferdig med jobb enn eg hadde tenkt, Jr ville fly tandem, og sånn blei det. Bare popcorn, vanskelig med tandem å ta slik kummelokktermikk.
    Klar for flyging imorgon tirsdag.. må bare sjekke været først..

    Vegen opp er kjørbar til nest siste svingen, den vanlige fonna ligger tjukk foreløpig, men skal se om eg kan få lånt ein Artic Truck og kjørt spor, slik at det smeltar fortare :)
  • Gravatar
    Johs18.04.2011 19:02
    På våren er det normalt ikkje vits å gå heilt opp til Nosi, men starte på Byrkjeflot. Pleier å være godt med termikk i April/Mai:)

    Vær ellers forsiktig med bruk av vegen. Me har ikkje lov å bruke den dersom det er blaut. Eg veit ikkje status på vegen...
  • Gravatar
    Johs18.04.2011 19:02
    På våren er det normalt ikkje vits å gå heilt opp til Nosi, men starte på Byrkjeflot. Pleier å være godt med termikk i April/Mai:)

    Vær ellers forsiktig med bruk av vegen. Me har ikkje lov å bruke den dersom det er blaut. Eg veit ikkje status på vegen...

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb