›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Bjørn ole27.04.2011 11:43
    Høyres bra ut. Er det verdt å prøve å lappe dekk, evt tette med skum? Nokon som har erfaring med dette? Enkelte bilar blir levert utan stephjul, men med kompressor og skumpatron.. Men det burde vore testa seinast torsdag for å sjå om det held over natta til fredag.
  • Gravatar
    Johs27.04.2011 09:51
    Er me inne på sporet av ein mini-dugnad på fredag?

    Bjørn Ole: Du tar med jekk?
    Olav: Batteri? Og Jeep?
    Eg tek med div verktøy.
  • Gravatar
    Olav K26.04.2011 22:25
    Eg skal skifte batteri på Jeepen min, det gamle holder ikkje på spenningen over lengre tid. Men det er nok bedre enn det på kvitebilen iallefal :-))
  • Gravatar
    John Herman26.04.2011 22:22
    Fossabrekko på Stord er egentlig fin å fly i, plass til ein del folk viss det det ikkje er veldig lav inversjon. Har sendt søknad til Avinor om mulig auke av høgdebegrensing, de var positive, men ikkje fått endelig svar. To startar, begge passar fint for pp2, gigantisk landing. dårlig egna for distanse pga høgdebegrensing og at det er ei øy :) men eg vil heilt klart heller satse på kokkelberg med tanke på distanse . Dersom det er beint aust på Stord kan det bli ein del vind, SØ går heilt fint.
  • Gravatar
    bjørn ole26.04.2011 20:12
    Tenkte å komme på fredag kveld, tar gjerne i eit tak. Dekka er gamle regummierte, og det som er lekk er godt sprukke. Kan slikt lappast? Viss ikkje så ser dei andre dekka betre ut. Det var ikkje jekk i bilen, men eg kan kanskje skaffe.

    Nokon som har eit batteri på lur?
  • Gravatar
    Johs26.04.2011 16:24
    Faren for austavind er absolutt tilstades. For ikkje mange dagane så var progosane her i Stavanger på opp mot 40 knop aust for komande helg. Dei er moderert ned til kring 10 knop i skrivande stund. Som Olav seier, så kan det likevel medføre for mykje aust (spesielt sydaust) i Dimmelsvik pga fallvind som blir generert av Folgefonna.

    Vedr Stord så er det ein plass eg berre køyrer forbi så fort eg kan for å nå fyrste ferje vekk frå øya, og har såleis svært lite å bidra med mtp flyging der ute. Kanskje John Hermann eller Guri har nokre erfaringar å dele med oss kring aust-sydaust der?

    Ellers er Kjosås eit alternativ på sydaust...det er også Carlsberg og Barolo;)

    Yr og Storm (som eg ikkje stolar på vedr vind på langtidsvarsel) melder akkurat no svak aust for helga.

    Bilen der ute har eg fått ymse tilbakemeldingar på, og har difor vore litt i kontakt med folk som kan hjelpe oss ut om det er krise. Men godt å høyre du har fått liv i den, Bjørn Ole. Meiner me uansett kan sette av litt tid på Fredag for å evt få den i køyrbar stand (lappe eit dekk/skifte 4 hjul). Om me behøver startkablar for å starte er berre snakk om comfort;) Meiner me skal bruke denne bilen om me får den i gang, då me slepp å slite på privatbilane til dei same folka kvar gong! Når kjem du til Dimmelsvik, Bjørn Ole?
  • Gravatar
    Bjørn Ole26.04.2011 11:43
    Sikkert ein idè å ha alternativa klare, har vore mykje søraust i det siste. Men kanskje det har snudd no, får håpe det.

    Eg hadde ei veldig god erfaring med Kokkelberg no i påsken, då det var for mykje vind på Kvitegga, men fine forhold på Valen. Men det var min første og einaste tur derifrå, og eg hadde nok god gjelp av sterk inversjon som sørga for å halde høgdevinden unna. Men det er ein fordel at det ikkje er høge fjell framfor start på den retninga (SØ til SV). Kokkelberg er sørvendt, men toler nok litt sidevind frå SØ. Då eg var der var det berre termikk som drog inn på start, det var heilt glimrande! Starten er grei, men ikkje så stor, kanskje litt knapp for elevar. Kan evt fjerne nokre få småbuskar for å få litt meir plass. Det er fleire store potensielle landingar på Valen, men me bør kanskje høyre med ein grunneigar før me kjem dit med eit stort følge.

    Eg kikka forresten litt på Kvitebilen i påsken. Den starta greit med litt startgass og startkablar, og gjekk som ei klokke. Men batteriet ser ut til å vere kaputt, evt problem med generatoren som gjev dårleg lading. Batteriet var det ikkje hjelp i sjølv etter at motoren hadde vore i gang ei heil stund. Då eg fann bilen var også 3 av 4 dekk heilt på felgen. Eg fekk luft i dei, men høgre bakdekk var like flatt etter ei natt. Det ligg eit sett med hjul i bilen som ser betre ut, men desse er ikkje like høge som dei som står på. Skal me gjere ein innsats med bilen på fredagen, eller er det god nok tilgang på transportmiddel til fjells utan Kvitebilen?
  • Gravatar
    Olav K25.04.2011 23:06
    Bare ein liten tanke/ide i forkant av treffet.
    Om det blir SØ vind, så burde vi dra til Stord istaden for å sitte i knallhard SØ vind i Dimmelsvik. ( blåser alltid mye på den retningen der)
    Kokkelberg er kanskje eit alternativ men eg har lite kunnskap om den plassen, med tanke på takeoff, landing og øvrig topografi.
  • Gravatar
    Ida25.04.2011 20:27
    Oki! Beskjed motteke :) Snakkast nok laurdag!
  • Gravatar
    Johs25.04.2011 19:59
    Ida: Det er såpass uformellt treff at noko "program" blir ikkje satt opp. Men noko meir info kjem i morgon, både her på hpgk.no og på mail til alle som ar meldt seg på overnatting.

    Oppmøte blir uansett kl 10:00 ved Statoil'en på Laurdagen:)

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb