›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Olav K23.12.2010 21:41
    ..... og så må ingen gløyma det viktigste i morgon, julaftan..
    Då har nemlig Mr. Hardanger Paragliderklubb aka Ivar Sandstå bursdag igjen :o)
    Grattis, litt på forskudd :o)
  • Gravatar
    Olav K21.12.2010 22:48
    Enig med deg Ida.. god jul og godt nytt år.
    Er det nokon som kunne tenkt seg ein kald romjulstur til f.eks Bavallen for å lufte vingen sin?
    Eg er iallefallfall med, dei fleste dagane passar greit :o)
  • Gravatar
    Ida :)20.12.2010 20:37
    Ynskjer alle saman ei GOD JUL og GODT NYTT FLYÅR :D
  • Gravatar
    Johs23.11.2010 09:39
    Aktivitetsplanen som det vart informert om på møtet/festen i Røldal er no råd å lese meir om som nyheitssak på framsida.
  • Gravatar
    Ida22.11.2010 10:07
    Kjekt å høyra om helga.
    For å auka aktivitet kan me prøve å vera flinkare å gje beskjed om når me skal ut å fly og gjerne arrangere "samlingar" der ein gjerna gjer slik de gjorde i helga med tanke på transport til start. Synd de ikkje fekk flydd.
  • Gravatar
    Johs22.11.2010 08:59
    Då var sikkerhetsseminar og jubileumsfest gjennomført. Alle som møtte var med på å skape ei god stemning utover kvelden/natta.

    Olav hadde innlegg om sikkerhet på flystadar og informasjon om ulykker/statistikk lokalt og nasjonalt. I sum har HPGK, så langt i år, hatt eit bra år med svært lite uhell. Det er bra!

    Ellers er styret interressert i å få tilbakemelding på kva som kan gjerast for å tilrettelegge meir for auka aktivitet blandt eksisterande medlemmer. Det vil kome ein artikkel kring dette på heimesida i løpet av veka, der det også vil være skjema for å sende inn forslag til styret.

    Dessverre vart det ikkje noko flyging i Røldal, då det var kraftigare austavind enn det me håpa på.

    Det neste som skjer i klubbens regi vil være årsmøte. Styret planlegg å halde dette Sundag 06 Februar på Hardangerfjord hotell i Øystese. Meir informasjon om dette kjem fortløpande og er å finne under "aktivitetar".

    Vidare har styret sett over vandrepokalane, og det kan sjå ut til at Ivar stikk av med distansepokalen (igjen). Det er ellers sterk kamp om pokal for flest logga turar. Slik Ivar oppsummerer det så står det mellom Øystein og Guri. Dei ligg begge nære 100 turar pr idag!
  • Gravatar
    Johs19.11.2010 21:24
    Då er det avtala med Røldal skisenter at dei vil være behjelpelege med å frakte oss opp i Håradalen i morgon. Dette ved hjelp av stolheis og/eller trakkemaskin. Dei fraktar oss så langt det er råd mtp snøforhold.

    Oppmøte blir kl 10:00 i skisenteret!

    Ellers byrjar agendaen på seminaret kl 17:00 på Røldalsgarasjen. Dei som skal pakke nødskjerm møter kl 16:00.

    Festen byrjar etter seminaret, men det er langt inn tid til å kunne innstallere seg i leilighetane og evt fjonge seg litt. Det er ellers uhøgtidleg og du kler deg i dei kleda du føler deg best i. Flydress???



    Vel møtt!
  • Gravatar
    Johs19.11.2010 20:25
    Det blir flyging i morgon!

    Jobbar med å få til avtale med skisenteret om transport med trakkemaskin i Håradalen. Det er meldt om fin vind for hang i Håradalen, og sidan skianlegget er stengt kan dette bety moro flyging i bakken utan å måtte vike for alpinistar:)


    Kjem plutseleg med informasjon om nøyaktig oppmøtestad/tid både her på sladrespalta og pr SMS.
  • Gravatar
    Bjørnar19.11.2010 19:58
    Håhåy!!

    Korleis ser det ut mtp flyging imåro? Vind frå NØ.
    Det blir ihvertfall FEST :))
  • Gravatar
    Johs16.11.2010 18:37
    Uff..

    Men til noko meir hyggeleg: FEST! Det nærmar seg fest i Røldal. Her er info om dagen:

    http://hpgk.no/no/aktivitetar/sikkerhetsseminar-og-jubileumsfest.aspx?d=2010-11-20


    Vedr flyging så ser ikkje værmeldinga så aller verst ut. Følg med her på sladrespalta for siste info!

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb