›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Johs16.05.2011 08:55
    Gode greier John Herman! (det med boksane, ikkje sørfjorden;)...)

    Hadde vore fint om du kunne skrive litt om flystadene på stord, og gjerne sende nokre bilete slik at me kan legge det inn her:

    http://hpgk.no/no/flystadar.aspx

    Har tru på at god info om flyplassane kan føre til at enkelte kan finne på å stoppa på Stord med intensjon om å fly, ikkje berre vente på ferja...;)
  • Gravatar
    Bjørn Ole15.05.2011 21:53
    Dæven, det er jo fantastisk! Godt jobba John Herman! Då må eg også komme meg til stord for å fly snart! Kan du legge ut koordinatane eller eit bilete som viser boksane? Rekner med du gjev ein lyd når boksane kan innviast :-)
  • Gravatar
    John Herman sørheim15.05.2011 21:43
    Sørfjorden er og ein plass ein berre kjører forbi når ein skal over vidda, men me har iallefall skikkelig vei på Stord :) . Fekk svar i fra Avinor på mandag og at dei nye boksane over Stord og tysnes var greie. Er berre eit møte på Flesland som gjenstår før boksane kan brukast. Då blir det Stord - Voss om ikkje så lenge :)
  • Gravatar
    bjørn ole15.05.2011 21:33
    Fjellet ser forresten ikkje så interessant ut frå veien, oppdaga det etter å ha sett etter aktuelle startar på kartet. Frå Gullbotn ser du berre vestsida, men det er det bratte søraust-vendte henget som funker.
  • Gravatar
    bjørn ole15.05.2011 21:29
    Det geniale med denne plassen er at den er søraust, noko som er mangelvare i bergensområdet. Og det er berre ti minutt lengre å køyre enn til unneland, dvs ein halv time frå sentrum. Det er 350 høgdemeter opp, og ein knapp time å gå. Her er ser eg for meg ein tidleg start for lange turar :-)
  • Gravatar
    Olav K15.05.2011 19:29
    Eg har heller aldri hørt om noen som har flydd der, og heller ikkje har eg lagt merke til fjellet. Men klart, det blir jo eindel gratis høydemeter i og med at veien stuper ned mot Samnanger.
    Eit fjell eg har sett på fleire ganger, er den sørvendte sida oppanfor Eikelandsosen, på vei mot Tysse.. over den nye tunnellen der. har tenkt å prøve den mange ganger, men alltid har ein litt for dårlig tid på vei til jobb :)
  • Gravatar
    Johs15.05.2011 19:06
    Samnanger er ein plass ein køyrer fort forbi på veg til Bergen. Mykje det same som Stord, berre frå ei anna retning...;)

    Med andre ord så trur eg ikkje nokon frå Hardanger har flydd derfrå. Ikkje så eg veit om i allefall...
  • Gravatar
    Bjørn Ole14.05.2011 20:53
    Nokon som veit om det har vore flydd frå Holdhusfjellet i Samnanger tidlegare? Eg og Erik var der i dag, og det gav meirsmak! Dette er ein søraustvendt start som viste seg å vere bra termisk. Det er kort vei til meir takhøgde (3,5 km til grensa frå 1050m til 1660m), så distansepotensialet er absolutt der.

    Synd det blei stadig tjukkare cirrus i dag, men skal definitivt teste meir seinare. Eg kom til Vaksdal, men neste gong blir det lengre :-)
  • Gravatar
    Olav K13.05.2011 08:51
    du må gi beskjed då.. og ha med KvikkLunch du kan lokke med :oP
  • Gravatar
    oysteindd12.05.2011 21:27
    Kjem nok mange andre fine ettermiddagar som ein kan få seg ein fin tur frå Løyning. Skal nok klara å piska deg opp lia ;-)

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb