›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Ida25.04.2011 18:25
    E da noko klarlagt program for treffet i helga?
  • Gravatar
    Olav K25.04.2011 17:52
    Blei ein sklitur fra toppen på Kvitegga i ettermiddag.
    Vindstilt når eg kom opp, så trakk det svakt inn fra Ø, gjorde meg klar den veien... Og vips så snudde det til V. Og så tilbake igjen., tilslutt stabiliserte det seg på V og eg flaug ut med eit stort smil :-)
    Håper på ein soaringtur snart! Men kjekt å fly uansett!
  • Gravatar
    Olav K24.04.2011 23:15
    Ser på varselet no, imorgon skal det dreie vestlig, dvs flybar vindretning på Kvitegga.
    Litt usikker på skydekket, men om det ikkje blir nedbør så prøver eg nok ein tur eller to.
    Heng med!
    95 70 28 60
  • Gravatar
    Johs24.04.2011 09:30
    Har og hatt ein del lenticar her nede på Jæren i det siste, utan at det er meldt eller har vore sterk vind nokon stad. Eg har tenkt min eigen teori rundt akkurat dette fenomenet, men skal ikkje stå inne for om det er rett eller ikkje...

    Høgdevinden har vore SØ, men ikkje sterk. Men den flyt over kald overflate (snø) som igjen gjer tettheita på lufta større. Det betyr igjen at den vil bli katabatisk (fallvind) på vestlandet pga den er tyngre enn omkringliggande luft. På vegen plukker den også med seg mykje fuktighet. Men når lufta er på veg nedover fjellet så treffer den ein sterk inversjon (som har vore tydleg her nede i over ei veke no), som den ikkje klarer å bryte igjennom. Sidan det er mykje energi i lufta så "flater" den ikkje ut over inversjonen, men blir satt i bevegelse oppver igjen ("spretter av inversjonen) heilt til den kondenserer (dannar lentic) og blir satt i bevegelse ned att mot inversjonen. Slik går det i mindre og mindre sinus svingningar, men ein lentic på kvar topp.

    Dette er berre ein teori... basert på to øl og tom mage;)
  • Gravatar
    oysteindd23.04.2011 21:55
    Har hatt ein leiken dag i Håradalen :-D
    Vinden var perfekt til å fly heng i heile dalen.
  • Gravatar
    bjørn ole23.04.2011 01:30
    Var spesielt i Kvinnherad også. Men eg fekk god uttelling :-) Det var for mykje vind frå SØ på Kvitegga heile dagen, men på Kokkelberg var det flotte forhold for lokal flyging. Innover var det lenticar, men eg hadde nok flaks med eit par faktorar; inversjon, ingen høge fjell framfor som kunne lage bølger og blande ned høgdevinden, i tillegg til at fjella bak kan ha vore med på å løfte høgdevinden. Kan også ha vore gunstig å vere forholdsvis langt ute mot kysten. Det blei nesten 1,5 time, kunne blitt meir.
  • Gravatar
    Nikolas22.04.2011 21:48
    Kan vere ein god idé det Olav, men det som var rart i dag var at det var veldig lite vind i høgden (virka i alle fall sånn) og meir nede. F.eks. på Vikafjellet var det vindstille, så våre planar om å fly på heng der vart fort skrinlagte. Men det kan jo bli annleis i morgon... ;)

    Frode Hassel (flymeteorolog og pg-pilot i BHPK) har skrive litt om det fenomenet som var i dag på http://bhpk.no/sladder.aspx.
  • Gravatar
    John h22.04.2011 21:34
    Fin dag igjen på Stord, litt sterkare og meir definerte bobler i dag, men ca lik mykje høgdevind. Satte ei lita oppgave som eg ikkje klarte pga motvind mot mål og lav inversjon. Såg lentics rundt om, veldig fin luft lokalt :)
  • Gravatar
    Olav K22.04.2011 21:04
    Har ein back up plan om det blir for mye vind til god flyging på Voss.
    Hanget over Haukelisæter tåler ein del vind, og er ikkje så utsatt for bølgeforhold i og med at det ligger på østsida av vannskillet. Funker på SØ til SV, og er fantastisk kjekt å leike seg på... Særlig no når snøen ligger tjukk :-))

    Time will show
  • Gravatar
    Nikolas22.04.2011 19:39
    Øystein, Guri, Per-Harald, Monica og eg var på Voss i dag. Mykje austavind. Himmelen full av lenticar og kun sklias på samtlige. Er litt i tvil mht morgondagen då det ser ut som om det er meldt endå meir vind (SMHI melder 2-3 gonger så mykje som i dag).

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb