For kr 500,-pr mnd eller kr 2500,- pr halvår kan medlemmer i
HPGK leige fullt utstyr (vinge+seletøy+hjelm). Dette er svært
gunstig for dei som ikkje flyg så mykje og/eller ikkje ynskjer å
kjøpe utstyr sjølv.
Av utstyr har klubben mellom anna:
Vinger:
Team 5 "Green" : Str S (70-95 kg) og M (90-110 kg)
Niviuk "Koyot" : Str 28 (90-115 kg)
Advance "Alpha 4" : Str 31 (96-130 kg)
Airwave "Flite" : Str M (80-100 kg)
- Det finst og fleire andre vinger i diverse størrelsar. Alle
vinger har vore på kontroll i vinter og held bra stand.
Seletøy:
Her har klubben nyleg investert i 3 nye Woody Valley Excense i
str M/L/L, som pr i dag er ubrukte. Klubben har og fleire andre
seletøy i alle størrelsar.
Hjelmar:
Klubben har Icaro Skyrunner heilhjelmar i alle størrelsar, i
fargane svart eller blå.
Minner og om at klubben har fullt sett med tandemutstyr (inkl
nødskjerm) som lånast ut gratis til medlemmer i klubben.
Om du ynskjer å nytte deg av ein eller fleire av dessse
mogelegheitene, så send ein mail til styret:
styret(a)hpgk.no