I 2012 fekk klubben gjennomført det meste av arrangement som var
planlagt. Størst suksess var Dimmelsviktreffet og sikkerhetskurset
i Eidfjord. Derimot så klarte ikkje klubben å gjennomføre
nokon av dei to kursa som var sett opp, med unntak av ein elev.
Derfor vil nettopp kurs være eit satsingsområde for komande
sesong.
Det er oppretta dialog med Bergen Hang og Paragliderklubb for å
evt samkøyre eit kurs i Kvam (Øystese) i påskeveka (23-30 Mars).
Begge klubbar har hatt litt problemer med å fylle kursa sine, og
begge klubbar nyttar Øystese som kursområde. Difor fell det
naturleg å prøve eit samarbeid denne gongen. Om du har ein kamerat
eller venninde som ynskjer å byrje med PG så er dette fyrste sjangs
komande sesong. Avhengig av oppslutning på dette kurset vil det
også bli vurdert å sette opp eit kurs i fellesferien.
Som ein del av rekrutteringen til kurset vil det, truleg i
Februar, være prøvedag i Røldal skisenter. Kva dag dette blir vil
bli annonsert så snart det er klart.
Mht Røldal skisenter er me også i dialog for å lage klare
retningslinjer for bruk av Speedrider. Pr idag har me kun eit sett
med reglar for bruk av PG. Denne avtalen vil bli lagt ut her på
heimesida, Facebook, samt som plakatar i skianlegget.
Årsmøte vil styret prøve å få til 02 Februar i Kinsarvik. Som
ifjor vil det bli forsøkt saman med eit arrangement for å sjekke
utstyr/pakke nødskjerm. Det vil og bli forsøkt med ein feles
middag/fest på kvelden same dag.
Styret jobbar ellers med å fornye dagens veg/start/landingsavtalar
rundt om på alle flystadane våre. Me har pr idag ein del
forholdsvis dyre avtalar som må reforhandlast om me skal kunne
forsvare bruken utan å belaste medlemmene med mykje høgare
kontingent. Styret vonar å ha dette klart til komande
årsmøte.
Ellers er det igjen eit forsøk på å blåse liv i ideen om å
oppgradere starten på Byrkjeflot. Pr idag har me fått svar på ein
del søknadar om økonomisk støtte, der samtlege svar er negative. Me
jobbar vidare og vonar å få nokre positive tilbakemeldingar ila
vinteren, slik at me forhåpentleg kan starte arbeid før sesongen er
i gang igjen. Det kan og nevnast at det blir satsa på å få opp ein
værstasjon på Lofthus før sesongen startar.