Det såg lenge lyst ut med gjennomføring av kurs med oppstart 15de
April. Men når endeleg påmelding skulle teljast opp, var det fleire
som likevel ikkje kunne delta i denne omgang.
HPGK har i hovudsak fått positiv respons på at me ville
gjennomføre kurs i påsken, men opplever også at ein del av dei
interresserte har meldt seg av pga konflikt med andre planar i
påskeferien. Dette medførte til slutt ei oppslutting under grensa
som HPGK på førehand hadde sett, og me såg oss nødt til å avlyse då
fristen for påmelding gjekk ut på Måndag.
HPGK har ikkje konkrete planar om fleire kurs denne våren/sommaren.
Me vil likevel sjå på kva mogelegheiter me har til å ta vare på dei
som allereie har vist interresse for kurs.