Då var årsmøtet gjennomført, men med dårleg oppmøte. Kun 8
medlemmer møtte opp på Hardangerfjord hotell. Årsak til dårleg
oppmøte kan være mykje, men styret har fått med seg at mange var
bortreist denne helga.
Årsmelding for 2010 finn du her.
Signert protokoll frå årsmøtet finn du her.
Oppsummerig av dei viktigaste sakene:
- Kontingent vert auka frå kr 250,- til kr 300,- med
virkning frå 01.01.2012
- Nytt styre besår av:
- Johannes Helleland (leiar)
- Morten Laupsa-Borge (nestleiar)
- Øystein D. Dagestad (kasserar)
- Guri N. Storeide (styremedlem)
- Olav H. Helleland (styremedlem)
- Sigrunn Eidnes (vara)
Ellers vart nye vandrepokalar delt ut og vinnar av
distansepokalen vart, ikkje uventa, Ivar Sandstå med 84,7 km.
Vinnar av "Aktivpokalen" vart Guri Storeide med 108 turar, som
biletet over beskriv så var Øystein Dagestad nær ved å "rappe"
pokalen med sine 104 turar.