›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Bjørn Ole22.03.2013 16:03
    Hei igjen,

    det er som oftast ikkje så stor aktivitet på denne sida, i alle fall ikkje før sesongen er skikkeleg i gang. Men eg satser i alle fall på å fly der i påsken (i tillegg til skitur med min kjære..). Håper fleire dukker opp! Hadde vore kjekt om du tok turen! Flott plass å fly på våren om forholda slår til!

    Eg bur i Bergen ja, skal bu på ei hytte i Rosendal med broderen og familien hans. Eg reiser til Rosendal onsdag kveld.

    Det finst litt forskjellig av campingplass og hytter, har brukt Rabben Camping i Uskedalen ein del før, heilt greitt http://www.rabbencamping.no.
    Eit alternativ nærare Rosendal, var der i fjor: http://www.rosendalhyttetun.no/ferie-ved-hardangerfjorden/

    Det er også to hotell i Rosendal, men kanskje ikkje heilt forenlig med studentbudsjett...


    Elles er det flotte plassar å campe gratis ute i det fri, i nærleiken av Rosendal trur eg det vil vere fint f eks i Muradalen. Det er bilveg inn dit, ca 5 min innover frå Rosendal, du finn plassen i norgeskart.no

    Austavind er jo eit generelt problem på Vestlandet, og eg veit vel ikkje om andre alternativ enn toppen av Kvitegga (om det er svak vind). Er det kronisk aust kan ein kanskje gjere retrett til Voss, Bavallen er jo austvendt. Vestsida av sørfjorden er også austvendt, men det kan absolutt vere usunt å fly på austavind der også, trur det er nokon som har fått erfare det...
  • Gravatar
    Tom Salamonsen22.03.2013 13:15
    Høres bra ut! Finnes det noen ordentlige øststarter sånn i tilfellet? Tror du det blir noen folk der ute i påska? Ser det er litt dårlig respons her, folk skal vel på fjellet på ski nå som det endelig er påskeskivær;) Finnes det noen greie overnattingsmuligheter som ikke blakker en studentlommebok? Har jo telt så overlever vel uansett ...

    Har ikke helt bestemt om jeg drar vestover ennå, men vurderer det sterkt;)
    Bjørn Ole: Bor du i Bergen?
  • Gravatar
    Bjørn Ole21.03.2013 14:34
    Hei Tom!

    Du har sikkert funne startane på Loggboka, men i korte trekk så er det slik:

    Hovudstart: Kvitegga (eigentleg Hjelmelandsfjellet), ca 600 moh. Det er veg heilt til start, men på våren pleier det å ligge litt snø i vegen lengst oppe. I verste fall må ein gå ca 50, kanskje 100 høgdemeter. Hovudstarten er vestvendt, men om ein går heilt til toppen nær den faktiske Kvitegga, 50-80 høgdemeter til, så kan ein starte på nesten alle retningar, der SØ er det minst gunstige. Flystaden er jo i lè av høge fjell og fonn mot aust, så ein flyr ikkje i sterk austavind, men er det svakt kan ein komme seg i lufta.

    http://no.flightlog.org/fl.html?l=2&a=22&country_id=160&start_id=66



    Kokkelberg: Sørvendt start eit par mil lengre sør. Bra utgangspunkt for distanse viss ein vil fly lengst mogleg på Folgefonnhalvøya! Fungerer tidlegare enn Kvitegga, og det er flydd distanse på den SØ vendte "innsida" av fjella i retning Uskedalen/Omvikedalen. Eg har berre flydd ein gong her, men skal definitivt tilbake!

    Det er først skogsveg, deretter sti opp til naturstart på eit berg, ca 450 moh. Ok, men ikkje verdens finaste start. Det er heilt sikkert ikkje snø på vegen opp. 350 høgdemeter frå parkeringa, ikkje så ille å gå opp.

    http://no.flightlog.org/fl.html?l=2&a=22&country_id=160&start_id=58

    Om det blir nordavind så får me høyre med Ivar om det er mulig å komme seg opp i Lofthus. Det skal også vere ein start i Mauranger, på Kvinnherad-sida av tunnelen mot Odda, me den veit eg ikkje så mykje om. Trur den er NV-vendt.
  • Gravatar
    Tom Salamonsen21.03.2013 11:35
    Lurer på hvordan man kommer seg til startene rundt Rosendal, hovedsaklig Kvitegga og Kokkelberg? Snakker vi 2 timer grynning i "snø"? Ser det er meldt østlig drag første del av påska, pleier øst å være sterkere enn meldt der borte på våren? (pga. kalde fjell i øst). Eller dreier vinden inn fra vest på "vindstille" dager selv om det er tidlig på året? Ser storm(som gjerne er veldig flinke på lokalvind) melder vestlig på dagen og østlig på natten...
  • Gravatar
    Bjørn Ole18.03.2013 10:47
    Påsken i Kvinnherad

    Eg skal vere i Rosendal i påsken, håper å få til litt flyging då. Kanskje det er fleire som vil lufte seg då?

    Er det mykje snø i vegen til start i år, og er Kvitebilen stadig i live?

    Ellers er eg gjerne med på å prøve langtur frå Kokkelberg :-)
  • Gravatar
    Johs30.01.2013 10:23
    Pga lite påmelding blir det ikkje middag i etterkant av årsmøtet komande helg. Men for dei som har mogelegheit så foreslår eg at me kan møtast for ein matbit og ein brus(ish) eller to, og lyge litt om sesongen som var og den som er i vente...


    OBS!! Oppmøte ifm årsmøtet er flytta til kl 11:30, då det passar betre med ferjerutene til Kinsarvik!! Klokka 11:30 blir det kast av nødskjerm. Sjølve møtet startar ca kl 12:00!
  • Gravatar
    johs29.01.2013 10:26
    Ja. Enkle og viktige kroner i kassen.
  • Gravatar
    John herman26.01.2013 20:31
    Vil tru det et easy money for klubben :)
  • Gravatar
    Johs26.01.2013 20:11
    Hmmm... Me skal være registrert der endå, men eg kunne heller ikkje finne att HPGK i registeret. Skal sjekke opp i det.

    Bra du gjer beskjed! Me får inn ein del tusenlappar der pr år. Viktige midlar!
  • Gravatar
    john herman26.01.2013 19:50
    Har klubben lagt ned grasrotandelen på norsk tipping ? hos meg står det at grasrotandel : utløpt

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb