›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Johs igjen...24.03.2013 20:52
    Hugs fornying av lisens innan 1 April!

    Ein kan gjere det elektronisk via Melwin: http://nlf.no/info/medlemsservice-medlemsdata

    Eller så finn ein skjema som kan sendast pr post her: http://nlf.no/hangglidingparagliding/skjemaer

    PP2 lyt ha underskrift frå instruktør.
  • Gravatar
    Johs24.03.2013 20:14
    DIMMELSVIKTREFFET:

    Dato er satt til 20-21 April. Meir info kjem plutseleg!
  • Gravatar
    Johs24.03.2013 20:10
    Svak NNØ i Bergen idag og, men termikken var ok og var dominerande:) Men jæ.... kaldt.

    Høyrde John Hermann på radioen, men fekk ikkje kontakt. På tur John H?

    Aust skal ein generelt være forsiktig med på vestlandet. Merk at litt litt gradientvind kombinert med katabatisk vind (kaldras) kan gje relativt sterke fallvindar i enkelte dalføre! Spesielt på våren med mykje snø i fjellet... Når det er sagt så er det, som nevnt, meldt om meir eller mindre ubetydeleg gradientvind framover. Den er og meldt å være NNØ som ikkje er den verste sorten. Kvitegga er spesielt utsatt på Ø SØ. Vær obs og ta hensyn!

    Tidleg vår og svak aust/sydaust kan gje kanon forhold på Kjosås! (NNØ er ikkje det beste)
  • Gravatar
    bjørn ole24.03.2013 19:23
    Eg var til fots på ein liten topp på Tysnes i dag, 450 moh. Svak N-NØ, og små søte fluffy Cu som kondenserte høgt over lèsidene :-)

    Det er vel ikkje så ille å gå frå grinda, er ikkje den nokså høgt oppe?
  • Gravatar
    Terje Hansen.24.03.2013 17:48
    Var og sjekka veien til kvitegga i dag. Var masse is i veien og ein kjem kun til grinda med gode piggdekk. Kjem kansje opp med kjettinger. Satser på att sola får tak og smelter isen dei neste vekene.
  • Gravatar
    Ivar24.03.2013 17:27
    Skitur til Steinavatnet(Seljestad) i dag. Inger vind i 12-1300 m
  • Gravatar
    Tom Salamonsen24.03.2013 11:49
    Fine greier! Terje Hansen?
  • Gravatar
    Bjørn Ole24.03.2013 11:08
    Det var flyging på ulriken i bergen i går, visstnok omtrent vindstille trass i varsel som trua med nokså frisk austavind. Varselet ser stadig betre ut med svak vind og dreiing mot nord. Terje snakkar om flyging måndag - tysdag, eg håper våren har etablert seg for fullt til eg er der på onsdag kveld :-)
  • Gravatar
    Tom Salamonsen23.03.2013 17:57
    Takk for svar. Regna med det kunne være lumskt. Det er imidlertid meldt kun svak gradientvind fra nordøst og nord fra mandag til onsdag (~1 m/s i tusen meter). Sjekker du storm og yr meldes det nordvestlig og vestlig på dagen disse dagene. Voss blir sikkert veldig fint i påska, men der er det betydelig mer snø. Var litt lysten på vår jeg nå;)

    Men tror det blir mye tiltak på meg nå. Virker som man må gå opp (har ikke 4WD), og det er ikke så kos å være alene på et nytt sted. Ser det litt ann. Ivar melder om stille fjord idag. Hmmm. Dilemma er gøy;)
  • Gravatar
    Olav K23.03.2013 11:21
    Austavind i Hardanger kan kort oppsummerast slik:
    Styr unna!
    For meg er det bare Bavallen som gjeld på "skikkelig" austavind, og Kvitegga er ganske lumsk på denne retningen. Men på vindstille dagar med kaldras går det fint å starte på baksida :)

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb