›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Bjørn Ole18.04.2013 09:15
    Ok, flott! Ja, det var nok nokre som var usikre på om registreringa blei mottatt.

    Her er litt info om alternativ overnatting til eventuelle latecomers (som også er velkomne!)



    Om det skulle bli fullt på Dønhaug, så er det fleire alternativ:

    Rabben Camping, i Uskedalen, like ved Dønhaug
    http://www.rabbencamping.no/

    Rosendal Fjordhotell
    http://www.rosendal-fjordhotel.no/no/

    Rosendal Turisthotell
    http://www.rosendalturisthotell.no/

    Rosendal Hyttetun
    http://www.rosendalhyttetun.no/
  • Gravatar
    Johs18.04.2013 08:31
    Bjørn Ole: Eg får inn påmeldingane.

    Sendte akkurat ut mail til dei registrerte. Burde gjerne lagt inn autoreply på at påmelding er registrert og OK. Neste gong...;)

    Uansett så er overnattinga så godt som full. Eg sender mail med litt praktisk info til dei som har booka overnatting.
  • Gravatar
    Bjørn Ole18.04.2013 07:09
    Hei Terje, er det du som har oversikt over påmeldingane? Eg får litt spørsmål om det stadig er plass på Dønhaug. Er det plass til dei som har meldt seg på så langt?
  • Gravatar
    Terje17.04.2013 20:47
    Om det kjem folk på Fredag ettermiddag så skal vi forsøke å få dei opp. Trur Pg mobilen skal vere opperativ til då!

    Om noken har ein 4WD til disp så er vi takksame for det!
  • Gravatar
    Johs17.04.2013 08:16
    Dønhaug er booka Fredag til Sundag. Her er det berre å møte opp når ein ynskjer. Det er grill ute, samt kjøkken inne, slik at det er mogeleg å lage seg mat. Ellers er det utstyrt med kjøleskap, TV, kaffitraktar etc...

    Pub'en er stengt, men me får bruke lokalet slik som tidlegare år.Værmeldingane ser ut til å kunne tilby flyvær på Fredag og Laurdag. Litt meir usikkert på Sundag (Mange er ikkje flygbare då uansett....)


    Terje: Får du evt organisert noko transport på Fredag ettermiddag?
  • Gravatar
    Bjørn Ole14.04.2013 00:21
    Dei som bur på Dønhaug møtes gjerne der på fredag kveld, så blir det flyging laurdag og søndag.
  • Gravatar
    DANIEL13.04.2013 21:28
    For øyblikket ser det lovende ut med været :) Krysse fingrer og tær for at det holde seg! Er det Lørdags formiddag planen er å møtes i Dimmelsvik?
  • Gravatar
    Johs12.04.2013 08:02
    Flott initiativ BO! Satsar på at statistikken held seg, og at me får fine dagar under treffet!


    Ei anna sak:

    HPGK er igjen å finne i registeret for mottakarar av Grasrotandelen til Norsk Tipping! Hugs å registrere HPGK som din mottakar neste gong du tippar!!
  • Gravatar
    Dimmelsviktreffet11.04.2013 19:45
    No ser det endeleg ut til at vinteren slepp taket! Sesongen er alt godt i gang, men det skal bli godt med litt meir varme! Fram mot Dimmelsviktreffet vil me få mildt vær og truleg blir vegen opp til start fri for is. Dagens langtidsvarsel viser sol på laurdag under treffet! Me har svært god statistikk for flyging på Dimmelsviktreffet, så dette blir nok bra! Me kryssar fingrane!

    I år vil me prøve å legge litt ekstra til rette for distanseflyging under Dimmelsviktreffet. Dette er tenkt som eit tilbod til dei som ynskjer (og har lov til) å fly distanse, men som kanskje ikkje har flydd så langt før. Me vil gje tips om forholdsvis enkle ruter som ein kan prøve seg på, i områder med gode landingsalternativ om ein ikkje skulle kome heilt i mål. Dei som alt har flydd litt distanse er sjølvsagt også velkomne! Kvar enkelt må avgjere kor langt ein vil prøve å fly, og alle flyr på eige ansvar og gjer sjølvstendige vurderingar under vegs.

    Kva ruter som er aktuelle er det vær og vind som avgjer, men her er nokre alternativ:

    Frå Kvitegga (S-SV-V-NV-N)
    1. Kvitegga - Malmangernuten- Kvitegga
    2. Kvitegga - Malmangernuten- Melderskin, retur til Kvitegga og hovudlanding Dimmelsvik

    Dei enkle rutene frå Kvitegga gjev flyging over eit flott landskap av fjord og fjell, men det blir ikkje så mange kilometer av det. Om det er forhold til det, dvs sørleg vind, vil me gjerne ta med folk til Nordfjellet/Kokkelberg ved Husnes/Valen. Her kan me nokså lett fly 20 km eller meir, kanskje nokon vil setje personleg rekord herifrå? Der må me gå til start, ca 1 time, men det er det vel verdt!

    Frå Nordfjellet (SV-V) eller Kokkelberg (S)
    1. Til Uskedalen/Dønhaug ( 10 km)
    2. Til hovudlanding Dimmelsvik ( 15 km)
    3. Til Rosendal (20 km)
    4. Til Melderskin og tilbake til hovudlanding Dimmelsvik (30km)

    Stader å lande langs ruta:
    Husnes/Helland
    Herøysund/Tveit
    Uskedalen, mange alternativ inkl Dønhaug
    Omvikedalen/Dimmelsvik, mange alternativ inkl hovudlanding ved Statoil
    Guddal/Seim
    Rosendal, mange alternativ

    Dette er ruter som ein kan prøve seg på elles i sesongen også. Men hugs for at ein må vurdere forholda kvar flydag, det som fungerte i går kan vere ugreit i morgon.

    Ta gjerne ein kikk på kartet før du kjem, så kjenner du terrenget betre!

    www.norgeskart.no

    Og kven er det som har lov til å fly distanse? Jo det er alle med PP5, samt PP4 pilotar mot slutten av progresjonen til PP5:

    Fra Håndboka:
    Para Pro trinn 5, erfaringskrav
    1. Minimum 80 flytimer.
    2. Minst 5 distanseturer i variert løft. Med godkjent distansetur menes at en skrur første termikkboble, glir til neste boble og skrur denne for så å fly videre bort fra landing. Ren hangflyging langs samme åskam godkjennes ikke som distansetur.


    Velkomen til nok eit triveleg treff!

    Beste helsing Bjørn Ole Haugsgjerd
    997 35 654
  • Gravatar
    Johs05.04.2013 09:03
    ... Då er standarden for sesongen satt!! Tøft!

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb