›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Ivar04.04.2013 20:43
    Grattis Gunnar :-)
  • Gravatar
    Gunnar04.04.2013 16:35
    Hadde ein superdag fra Nordfjellet på Husnes i går. Landa på Utne (80,1 Km) etter 5,5 timar.
    Ikkje verst til å vera første turen i år.
  • Gravatar
    Johs03.04.2013 09:05
    Iht MelWin så har ALLE medlemmer i HPGK, som har betalt medlemskap, også gyldig lisens pr idag! Veldig bra!!

    Oppfordrar alle til å bruke finværet til å fly litt!
  • Gravatar
    Johs03.04.2013 08:51
    Ivar prøvde å lure fleire på Måndag... Neste år må du ikkje legge på så mykje, så kanskje eg trur deg;)

    Ellers så er påskekurset ferdig, og klubben har 3 nye medlemmer som er klare for å fly på seg turar og erfaring mot PP3. Håpar alle som møter dei kan bidra med at dei kjem fint inn i miljøet og sporten! Alle tre kjem, så vidt eg veit, frå Kvam.
  • Gravatar
    DANIEL02.04.2013 20:13
    Hahah, du var i god-hjørnet igår Ivar :)
  • Gravatar
    Ivar01.04.2013 23:13
    "drømmeturen" :-)
  • Gravatar
    Olav01.04.2013 21:39
    Kult Ivar, grattis!!! Gleder meg til å sjå trackloggen :-)
  • Gravatar
    Ivar01.04.2013 19:15
    Kjempeforhold på Nosi i dag.
    Tung tur opp .Men for ein tur... var ikkje under 1700 m før vi kom til Sauda. Eg landa i Ølen og Øystein i Ølensvåg. 103 km på meg og 107km på Øystein er bra så tidlig på sesongen. Tracklogg, bilde og meir info på loggboka. Herlig!!
  • Gravatar
    Johs01.04.2013 09:20
    Vore nokon fine dagar på Voss i helga og. Toppa på ca 2000 moh på Laurdag med fantastisk utsikt i alle retningar! Vart berre lokal flyging mot Bulken/Lønahorgi etc, men sesongen er i gang!

    Og når sesongen er i gang er det viktig med gyldig lisens! I dag er det 1 April og lisensen skal være fornya for mange medlemmer. Ber alle om å sjekke lisenskortet sitt eller logge seg inn på MelWin for å sjekke om du har behov for å fornye! Er du usikker så kontakt meg på mail: johannes.helleland(alfakrøll)gmail.com

    Link MelWin: http://melwin.nak.no/


    NB: Dette er ikkje aprilspøk!!!
  • Gravatar
    Bjørn Ole31.03.2013 21:37
    Eg, Stig og Lars Erling gjekk først til Kokkelberg og venta på at sønnavinden som var meldt skulle sende termikken fint inn på start. Det skjedde aldri, vinden var og blei SV-V, så me gjekk vidare opp på Nordfjellet. Der sto både vind og termikk fint inn, og det var berre å skru seg opp i høgdebegrensinga på 1050 moh. Eg la i veg nordover, og kom meg greit til Rosendal i det det skya fullstendig over av eit skylag me hadde sett kome frå nord heilt frå tidleg på dagen.

    Artig at det gjekk så greitt å fly den ruta utan mykje høgde. Eg flaug rundt Husesfjella, der er det uansett lav TMA. Etter Herøysund var eg litt lavt ved Såta nord for Englafjell, men glei greit over dalen med det eg fekk. På andre sida av Uskedalen fekk eg berre nett nok til å bikke over ved Solfjell. Men meir trengte eg ikkje. På Malmangernuten og Melderskin hadde det vore skugge ei stund då eg kom dit, men det løfta stadig.

    Landa på fotballbanen i Rosendal, like ved hytta der me har budd i påsken. Herleg!

    Takk for følget til dei som var med i dag!

    (klipp og lim frå Loggboka mi i dag..)

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb