›› Legg inn sladder

Felt merka med (*) må fyllast ut





Trykk over for å vise skjema.

Sladder

  • Gravatar
    Johs29.02.2012 08:43
    Bra tiltak BO!

    Om ein skal bruke det som konkurranse trening så hadde det vore tøft med scoring. Om ein heller vinklar det mot XC trening, der målet er å få flest mogeleg gjennom ei forhåndsdefinert rute, så er ikkje den biten så viktig.

    Om dette blir laga som ei konkurranseform så er eg redd at fleire "ramler av" tidleg og heller legg seg på hovudhanget og flyg lokalt. Om ein heller vinklar det mot å få flest mogeleg til å fly på tur saman, via definerte VP, så er gjerne terskelen for å kome seg avgårde noko mindre?

    Kanskje dette er råd å vurdere når ein ser kven som møter opp og ynskjer å delta?

    Eg meiner Radio bør være eit krav for å være med.
  • Gravatar
    Bjørn Ole27.02.2012 23:31
    XC-trening under Dimmelsviktreffet

    Me var ein liten gjeng på årsmøtet som diskuterte å legge til rette for XC konkurransetrening på Dimmelsviktreffet i år. Eg vil gjerne bidra til at me skal få til dette!

    Eg har lagt til nokre nye vendepunkt med utgangspunkt i dei som vart laga til Norgescupen i 2006. Klikk på linken under så skal dei dukke opp.

    Eg har også vore i kontakt med KKPGxc, ser ut til at me skal få til scoring av oppgåvene også :-)

    Tanken er å lage forholdsvis enkle oppgåver som alle (med PP4?) kan prøve seg på. Dette kan vere ein grei forsmak for dei som ikkje har konkurrert før, men også fin trening for dei som har litt erfaring frå NC.

    http://waypointviewer.appspot.com/?wpt=http%3A%2F%2Fdl.dropbox.com%2Fu%2F24913038%2FVendepunkt%2FDimmelsvik2012.wpt&title=&kml=&tsk=

    Gje ein lyd om nokon har innspel, eller lyst til å bidra på eit eller anna vis!

    mvh Bjørn Ole
    997 35 654
    bjorn.haugsgjerd (a] gmail.com
  • Gravatar
    Johs02.02.2012 11:03
    Minner om årsmøtet fyrstkomande laurdag kl 10:00 i OFK sitt klubbhus like utanfor Odda-hallen.

    Alle som skal kaste/pakke nødskjerm møter kl 09:00!!
  • Gravatar
    Johs02.02.2012 10:49
    "Aktivitetar" oppdatert med NC datoar for 2012 sesongen. Du finn alle aktivitetar her:

    http://hpgk.no/no/aktivitetar.aspx
  • Gravatar
    Johs30.01.2012 11:04
    Saksliste for årsmøte, samt årsmelding for 2011 sesongen finn du her:

    http://hpgk.no/no/aktivitetar/aarsmoete-2011.aspx?d=2012-02-04

    Ber om at dykk les gjennom årsmeldinga, og merk dykk der det er feil og/eller det må leggast til info. Evt revisjon blir gjort under årsmøtet på Laurdag.
  • Gravatar
    Johs26.01.2012 10:55
    Det har vore feil på skjema ifm nødskjermpakking 4 feb. Ber alle som har sendt inn skjema om å gjere det på nytt.

    http://hpgk.no/no/aktivitetar/noedskjermkast-og-utstyrssjekk.aspx
  • Gravatar
    Johs25.01.2012 17:10
    Minner om at dei som ynskjer ompakking av nødskjerm ifm årsmøte/utstyrssjekk fyller ut skjerma her:

    http://hpgk.no/no/aktivitetar/noedskjermkast-og-utstyrssjekk.aspx?d=2012-02-04
  • Gravatar
    Johs11.01.2012 19:03
    Då er siste info kring årsmøte og utstyrssjekk og nødskjermpakk/kast lagt ut under "aktivitetar". Vonar å sjå mange stille opp!
  • Gravatar
    Johs09.01.2012 16:15
    Set av Laurdag 4 feb til årsmøte og kontroll av utstyr/pakking av nødskjerm. Møtet byrjar kl 10 og vil være i Odda. meir detaljert agenda kjem snarleg.
  • Gravatar
    John h07.01.2012 07:18
    Ei lita helsing fra mexico her. Har vert heilt kanon fram til no, har ca 30 timar i lufta, fine oppgaver og heilt kanonbra opplegg fra termikk og rotor. Me har enda 2 flydagar igjen, snart på tide å booke neste års Mexicotur :)

Hjelp

Slik får du personleg bilete når du legg inn eit innlegg på sladrespalta:

1: Gå til denne sida og registrer ei epost adresse.

2: Du vil få ein epost til den adressa du registrerte. Følg link og instruksar i denne. Her vil du lage eit passord og laste opp eit bilete.

3: Neste gong du skriv i sladrespalta så skriv du inn den same epost adressa du brukte i punkt 1. (Eige felt i skjemaet der du skriv sladder). Biletet du lasta opp vil automatisk bli brukt som ditt personlege bilete.

Lukke til:)

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb