Dette kartet krever JavaScript for å fungere.

Start

  • Nosi
    Retningar
    Sydvest Vest Syd Nordvest Sydvest
    Vest
    Syd
    Nordvest
    Høgde over havet
    960 m

Adkomst

Frå Lofthus sentrum køyrer ein mot Opedal skule. Ved Opedal skule tek ein til høgre opp mot Lofthus/Eidnes. Vidare er det berre å fylgje skilting mot Nosi. Vegen går etterkvart over til grus og seinare skogsveg, som er stengt med bom. Det er mogeleg å parkere ved bommen. Klubben har tilgang til nøklar. Ta kontakt med styret for informasjon. Vegen er av variabel standard og 4 WD er nødvendig.

Frå toppen av vegen vil det være gangtid på ca 20-25 min i godt merka sti.

Køyrebeskrivelse frå Lofthus sentrum til bommen.

 

Flyging

Starten ligg like over tregrensa, og er relativt flat. Det er nødvendig med litt vind for å starte på ein sikker måte. Hovedstarten ligg 960 moh og er dekka med not for å unngå at liner henger seg fast i vier og lyng.

Termikk finnst langs heile fjellsida, og danner ofte eit termisk hang. Vær forsiktig med å fly for nærme gryta til venstre bak start, der to store fossar stuper flere hundre meter ned mot Lofthus. Vær også forsiktig med å fly inn i den sydvest vendte gryta til høgre for start når det er nordleg vindkomponent. Dette vil då kunne bli ei le-side, og saman med til tider tøff termikk, føre til turbulent luft.

Sidan start ligg så høgt over havet vil det ofte være fine forhold her sjølv om det er stabile høgtrykksforhold som regjerer.

Nosi, Lofthus

Nosi er ein meget god termikkstad, og eit godt utgangspunkt for distanse sørover.

Retningar
Sydvest Vest Syd Nordvest Sydvest
Vest
Syd
Nordvest
Høgde over havet
960 m
Høgdebegrensing
2846 m

Sikkerheit

Lisenskrav
Ingen spesielle
Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb