Flyging
Det er to startplassar på Heng. Den eine rett ved der vegen
sluttar og er bearbeida i seinare år. Denne er vendt mot nord og
som regel brukt til seine ettermiddagsturar, eller skliturar om
vinteren. Den andre startplassen er å finne etter omlag 20 min
gange mot syd og er vest-nordvest vendt. For å finne fram er det
anbefalt å ha med kjentmann. Denne starten har bra termikk og er
eit godt utgangspunkt for å fly langt sørover. Men fordi fjellsida
vender mot nordvest tar ikkje sola før langt ut på ettermiddagen.
Startene blir derfor uvanlig seine. Best i mai og juni.
Begge startane er relativt korte og flate, så noko vind er
nødvendig for ein sikker startteknikk.