Adkomst
Det er heile 800 høydemeter å spasere på god sti, og du må rekne
med 1,5 - 2 timar på turen. Stien startar ved skytebanen på Freim
og er merka med raude "T"-ar.
Flyging
Sjølve starten ligg
4-500 meter sør for Freimstølen, og er ein grei lyngskråning med
passe helning. Termikken slepp rett ut for start, eller 3-400
meter nord for Freimstølen. Ellers er også dette ein fin stad for
glideturer over Odda i rolig luft.
Her flyr ein kun
ved svake vindar. Vær spesielt forsiktig ved sønnavind/dalvind så
du ikkje blåser på fjorden! Det er få landingsmuligheter i
Odda.