Det vert på ny forsøkt med ungdomsfestival i Odda (UFO). Datoen
for arrangementet er satt til 10-11 Juni.
HPGK skal være med på opninga av arrangementet, der me skal fly
frå Freimstølen til Odda stadion fredag 10 juni kl 17:30. For å få
dette til blir det helikoptertransport frå stadion til Freimstølen
kl 16:00. Oppmøte ved stadion kl 15:30 for avlevering av
utstyr.
HPGK ynskjer at flest mogeleg har lyst og anledning til å være
med, for å vise PG sporten frå den beste sida (frå lufta). Pga
begrensingar i antal bevegelsar på helikopterløyvet er det grense
på ca 40 personar som kan delta. Påmelding gjerast i skjemaet over,
og er basert på løpande påmelding til det er fullt. Om du
ikkje mottek beskjed om at det er fullt så er det å tolke
som at du er påmeldt.
Som ein del av arrangementet vil det være acro oppvisning,
tandemflyging, og merkelandingskonkurranse. Merkelandinga vil være
på Odda stadion og er open for alle. Premiar til verdi av kr 5000,-
er sponsa av Odda mekansike verkstad og Odda trykkeri.
Som tidlegare estimert så blir prisen kr 300,- pr person. Betaling
gjerast i kontant til Øystein Dagestad ved oppmøte kl 15:30.
Lurar du på noko vedr arrangementet så ta kontakt:
Øystein: 97 52 01 49
Johannes: 91 52 68 11