AVLYST PGA DÅRLEG VÆR!
Treffet som i utgangspunktet var planlagt siste helga i August
er flytta til 10-11 September pga dårlege værmeldingar.
For at me skal få oversikt over kor mange som skal ha middag
og/eller overnatting blir alle påmeldingar basert på treff 27-28
August kansellert. Ny påmelding for 10-11 September er aktivert, og
er tilgjengeleg i skjemaet over.
Røldal kan ofte by på fine flygeforhold på seinsommaren, spesielt
frå Novle. HPGK vil difor legge til rette for eit uformelt
flygetreff i denne perioden.
I år satsar HPGK på at ein kan velje eit av tre alternativ:
Alternativ 1 (alt inkludert):
- Transport til start heile Laurdag og Sundag
- Middag på Røldalsgarasjen Laurdag kveld
- Overnatting på Røldal overnatting Laurdag til Sundag
- Frukost på Røldalsgarasjen Sundag morgon (evt litt utpå
føremiddagen;))
Alternativ 2 (transport+middag):
For dei som ikkje ynskjer full pakke, men fortsatt vil være med
på transport+middag vil dette koste kr 500,-
Alternativ 3 (kun transport):
Om ein kun ynskjer transport så vil dette koste kr 50,- pr
tur.
Les meir om Novle her.
Påmelding gjerast i skjemaet over. Dersom du skulle få problemer
med påmeldinga over så sender du påmelding pr SMS med ditt navn og
kva alternativ du ynskjer til tlf: 92671776