Då er det igjen klart for sikkerhetskurs i Øvre Eidfjord. Dato
er satt til 24-26 August.
Generell info:
Base for kurset vil bli på Sæbø Camping i øvre
Eidfjord. Dette er også hovudlanding. Hovudlandinga ligg kun ein
meter over vannflata- som er ferskvatn! Dette gjer øvre Eidfjord
perfekt til utøvelse av sikkerhetskurs.
Campingen er også der me har booka overnatting. Gjennom å huke av
på "Ønsker overnatting" i skjemaet over vil du være sikra
overnatting i ei av hyttene på campingen. Hyttene som er booka har
enkel, men grei standard. Ønsker du å oppgradere standard så tek du
sjølv kontakt med Sæbø
Camping og booker det du måtte ønske. Om du ønsker å bu i telt
under opphaldet er det fullt råd, også her ber me deg kontakte
campingen direkte for å avtale tid/plass.
Det gamle skulebygget i øvre Eidfjord blir brukt til
teoriundervisning og evt tørking av utstyr. Meir info om dette ved
oppmøte på campingen.
Om du ønsker å hjelpe til med å avlaste sjåførar og båtmannskap så
set me stor pris på det. Meld deg då som frivillig i skjemaet over.
Belønninga blir gratis overnatting.
Me ynskjer også friflygarar velkomen. Øvre Eidfjord er eit lite
prøvd område for XC og generell friflyging, men kan by på eit fint
hang på rett vindretning (Ø). Det er lagt opp til eit sosialt
arrangement med plass til alle som har lyst til å ta
turen til Eidfjord. I den samanheng oppmodar me også samtlege om å
nytte Sæbø Camping som
overnatting.
Sjå ellers her
for meir info om sjølve plassen.
Kurset:
Instruktør: Nikolas van Etten
Som nevnt er det teoriundervisning i det gamle skulebygget i bygda.
Merk at teori er på FREDAG kl 18:00!
Vidare er det klart for flyging og øvelsar frå Laurdag morgon.
Transport er inkludert om du velger "Fullt kurs" i skjemaet over.
Dette uavhengig kor mange turar/forsøk kandidaten har
behov for. Om du kun ønsker enkelt turar, enten fordi du
ønsker denne varianten og/eller du manglar øvelsar frå anna kurs,
så er det mogeleg. All flyging blir filma og kommentert,
slik at kandidaten får tilbakemelding både verbalt og visuellt
etter turen.
Som ein ekstra happening blir det lagt ut flåte på vatnet, slik at
dei som ønsker å prøve seg på flåtelanding kan få testa det.
Premien blir heder og ære, og kanskje ein kort applaus...
Agenda:
Fredag kl 18:00: Teori
Laurdag kl 09:00: Flyging
Sundag kl 09:00: Flyging
Prisar:
Fullt kurs (inkl transport):
1750,-
Enkeltturar (inkl transport) 250,-
Enkeltturar
(friflygar):
50,-