Festdagane i Odda er helga 7-9 Juni. HPGK planlegg med å vise
oss fram denne helga, og Freimsstølen er eit naturleg utgangspunkt.
Det er langt å gå, derfor satsar me på å skaffe helikoptertransport
til start.
HPGK ynskjer at flest mogeleg har lyst og anledning til å være
med, for å vise PG sporten frå den beste sida (frå lufta). Pga
begrensingar i antal bevegelsar på helikopterløyvet vil det kunne
bli begrensa kor mange som kan delta. Uforpliktande påmelding
gjerast i skjemaet over, og er basert på løpande påmelding til det
er fullt. Me ynskjer at alle som vurderer å delta melder seg på
slik at me får ein indikasjon på kor mange bevegelsar me søker om i
helikopterløyvet.
Som ein del av arrangementet vil klubben forsøke å arrangere acro
oppvisning, tandemflyging, og merkelandingskonkurranse.
Merkelandinga vil være på Odda stadion og er open for
alle.
Pris for helikopter vil me kome tilbake til, men truleg ligge
kring 4-500,-