Ein god tradisjon med å starte sesongen i Dimmelsvik blir
ivaretatt, og denne gongen ei veke eller to tidlegare enn
vanleg.
Set av helga 14-15 April til årets sesongstart med fokus på fin
flyging og sosialt samvær.
I år blir det forsøkt med noko meir organisert XC trening, og
uformelle konkurransar. Følg med på sladrespalta for siste info
kring dette.
Me satsar på same opplegg som føregåande år med transport frå
Statoil, og middag/overnatting på Dønhaug gjestegard. Som dei siste
åra blir lokala brukt som "lukka selskap" der me tek med mat/drikke
sjølve. Grill(ar) blir sett opp på utsida, men det er og råd å
bruke kjøkken med kokeplater/komfyr for matlaging.
Transport kostar kr 50,- pr pers pr tur
Overnatting kostar kr 250,- pr pers pr døgn.
Om du ynskjer overnatting på Dønhaug, så meld deg på i skjemaet
over!
OPPDATERING (09.04): Overnattinga på Dønhaug er så
godt som full. Det er fortsatt råd å få til litt enkle løysingar
med feltsenger/madrasser i stova på begge husa. Me er då avhengig
av at du sjølv kan stille med madrass eller liknande. Pris blir då
kr 100,- pr døgn. Me ber fortsatt om at du melder deg på i skjemaet
over slik at me får ei oversikt på antal overnattande.
Vel møtt!