02.02.2013

Årsmøte 2012

Årsmøte for 2012 sesongen blir helde 2 februar på Kinsarvik Ungdomsskule.

Nødskjerm og/eller Middag

Felt merka med (*) må fyllast ut

Trykk over for å vise skjema.

I år som ifjor blir det forsøkt å gjennomføre årsmøte i samband med eit enkelt sikkerhetsarrangement, der det blir mogelegheit for å kaste/pakke nødskjerm, samt få sjekk av eige utstyr.

Me fylgjer modellen frå i fjor, der me gjennomfører årsmøtet i forkant av utstyrssjekk. Oppmøte på Kinsarvik ungdomsskule blir kl 10:00. Innkalling/saksliste finn du her.

Etter årsmøtet fortsetter me med kast/pakk av nødskjerm, samt sjekk av utstyr. Dette foregår i gymsalen på skulen. Nikolas og Øystein stiller opp for å pakke nødskjermar mot ei godtgjersle på kr 350,- pr skjerm. Om du har ein Rogallo og/eller tandemnødskjerm som skal pakkast, så avtaler ein pris direkte med Nikolas/Øystein på staden. 

NB: Dei som ynskjer ompakk av nødskjerm fyller ut skjemaet over snarast, slik at me får ei oversikt på kor mange det gjeld!

Sjekk av utstyr foregår på eige initiativ. Det blir rigga opp med 2 områder for strekk/kontrollmål av liner. (Det kan være lurt å finne lineskjema/lengder for di vinge på internett på førehand). Porositetsmålar vil være tilgjengeleg, samt enkle lappesaker etc.

Styret vurderar og å satse på ein felles middag i etterkant av opplegget på skulen, og i den samanheng treng me også ei omtrentleg oversikt på kor mange som ynskjer dette. Med bakgrunn i  interesse vil me kome tilbake til stad og pris. Me ber difor om at alle som ynkjer middag på kvelden også fyller ut skjemaet over!

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb